Turen til: Jol på Syrtveit - Er avlyst p.g.a for få påmeldte


Tur til Syrtveit

«VELKOMEN HEIM TE JOL!» seier den kjende sørlandssongaren lnger Lise Stulien med sitt hjartelege smil. 

Vi i Risdal Touring er glade for det gode samarbeidet vi har fått til og gler oss stort til å

vise gjestane våre den vakre heimen der ho bur saman med familien sin. 

Her vil du garantert få kjenna på den gode jolestemninga. 

lnger Lise er veldig glad i jola, og joletradisjonane er noko ho veit å ta vare på. 

Også i år vil ho halde jolekonsert for dykk saman med The Voice-finalist Arthur Stulien,

og vise eit spektakulært 3D-mapping show! Du vil få servert kaffi og få ein smak av jolebaksten hennar.

På gardstunet er det skipa til stemningsfull jolemarknad, med mange lokale utstillarar med eit variert vareutval. 

Med buss frå ein stad nær der du bur, kan du bli med og oppleve denne herlege tradisjonen. 

GOD FØRJOLSTID!


Velkomen til førjolsstemning !

Det blir jolekonsert med servering av heimebakst og kaffi. 

Også i år har lnger Lise med seg nevøen sin, Arthur Stulien, som er kjend frå The Voice. 

Det blir både jolesongar og countrymusikk.

På gardstunet er det rigga til jolemarknad med god tradisjonsrik jolestemning og tende ljos. 

Du får servert varm gløgg og pepperkaker. 

Rundt bålpanne, faklar og joletre ventar lokale nisjeprodusentar med kortreiste jolegåveidèar. 

Det blir salsutstilling av kunst; måleri og litografi, og tekstilutsal av designklede og plagg inspirert av Setesdalskofta.

Dykk får oppleve eit spektalulært 3D-mapping show som med moderne teknologi formidlar.- lokal kultur, musikk

og tradisjon på ein heilt ny måte.

Me vil og få eit innslag med folkemusikk og -dans av lnger Lise og borna på garden.

Risdal Touring vil frakte dykk til og frå «Jol på Syrtveit». På førehand har me avtalt avreisetid og - stad.

På veg til Syrtveit tek me ein stopp på Evje for å nyte deilig jolemiddag med dessert og kaffe.

Vi ynskjer dykk velkomen med dine kollegaar i koselege omgjevnader med god tradisjonell jolestemning og varm gjestfriheit.

VELKOMEN TIL GARDS!

TURPRIS

Dagstur frå kr 1.445,- per person

ved 40 eller fleire påmeldte frå di gruppe.

Ved 31-39 påmetdte kr 1.645,- per person.

Dato: Onsdag 4. desember 2O24

Arrangementet inkluderer:

Jolekonsert med lnger Lise og Arthur Stulien

3D-mapping show i Nystova

Joleboder med salsvarer på Syrtveit

God stemning og hyggjelege omgjevnader

Kulturelle opplevingar

Jolemiddagm/dessert og kaffe på Evje

Erfaren sjåfør og heilturistbuss

Alle vegavgiftar og bompengar

Praktisk info og tider Jol på Svrtveit:

Avreise etter nærare avtale.

Kl. 17.30 Middog på Evje

Kl. 19.30 Konsert på Syrtveit

Retur etter nærmere avtale.


Risdal Touring AS, Transportvegen 17, 4735 Evje

37 93 15 15 - www.touring.no - post@touring.no


Atterhald om skrivefeil og endringar som følgje av omstende utanfor vår kontroll


Nordlysklubben vil "sponse" de påmeldte med et beløp